Viktige skjema

TO SKJEMA KYRKJEKONTORET MÅ HA TILSENDT

Viktige skjema

Etter fyrste kontakt med kyrkjekontoret, skal de få tilsendt dokumenta "Me ynskjer vigsel", "Velkomen til vigsel i Kvam" og "Avgifter ved vigsel", dei ligg også ved om du klikkar underst på denne sida her.

Dei to siste er informasjonsark, medan det fyrste, "Me ynskjer vigsel" er eit skjema som me treng å få returnert ganske snart for å kunna registrera bestillinga av vigsel fullstendig.

Før de kan få gifta dykk, må Skatteetaten sjekka om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. De kan logga dykk på hos skattetaten.no for prøving av ekteskapsvilkår, og så få ein prøvingsattest.

Dersom paret har søkt om prøvingsattest elektronisk, kan forlovarane logga inn her (på skatteetaten.no) og fylla ut forlovarerklæringa elektronisk.

Vær ute i god tid. Behandlingstida kan vera inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfølging. Men ikkje fyll ut skjemaet meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Ein prøvingsattest er berre gyldig i fire månader, fordi opplysningane de oppgjev må vera ferske.

Begge komande ektefellar må fylla ut kvar sin eigenerklæring, og forloverane fyller ut forlovererklæring. 

Når saka er ferdig behandla, får de melding om å logga dykk inn i Altinn for å lasta ned prøvingsattesten som stadfestar at de kan gifta dykk. Ta så kontakt på email til kyrkjekontoret, it645@kyrkja.no for å få tilsendt kryptert email som prøvingsattesten kan returnerast i.

Gratulerer! No er de klare for å inngå ekteskap!

Tidlegare ekteskap
Dersom ein av partane har vore gift tidlegare, og folkeregisteret ikkje har registeret skilsmisse eller dødsfall, må personen leggja fram bevis for at ekteskapet er opphøyrt. Utanlandsk skilsmisseløyving eller dom må fyrst godkjennast av fylkesmannen. Den som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet opphøyrde, må i visse tilfelle ha fråsegn frå tidlegare ektefelle om status i skiftet.

Utanlandske statsborgarar
Ein utanlandsk statsborgar som ikkje er fast busett i Noreg må framlegga attest frå offentlege styresmakter i heimlandet som beviser at det ikkje er noko til hinder for at det blir inngått ekteskap. I tillegg er det nødvendig med dokumentasjon på opphaldsløyve viss ein ikkje allereie har arbeidsløyve, opphaldsløyve eller busetjingsløyve.

Vil du gifta deg i utlandet?
I den fyrste versjonen av den digitale løysinga blir det berre handtert prøving av ekteskap etter norsk rett. Det betyr fylgjande for dykk som planlegg bryllaup i utlandet:

Ynskjer de å gifta dykk på norsk ambassade eller sjømannskyrkje i utlandet? Då giftar de dykk framleis etter norsk rett, og kan nytta Den digitale løysinga til skatteetaten for prøving av ekteskap. De går fram på same måte som når de giftar dykk i Noreg. Oppfyller de krava for å inngå ekteskap, får de òg her ein prøvingsattest digitalt. Denne må de vidaresenda, eller skriva ut og ta med dykk, saman med passet, til ambassaden eller sjømannskyrkja de skal gifta dykk i.

Ynskjer de å gifta dykk etter utanlandsk rett? Her kan informasjonen endra seg frå land til land, så det er best å fylgja informasjonen på Skatteetaten sine sider direkte: https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/ekteskap/ekteskap/i-utlandet/ekteskap-i-utlandet-etter-utenlandsk-rett/

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"